FRAMSIDA      NYHENDE      OM OSS      REFERANSAR      PROSJEKT UNDER ARBEID      LINKAR


Anbodet vart sendt ut i starten av desember, og ventast inn i byrjinga av januar 2008.




Det nye tilbygget ved Kvikne hotell i Balestrand, som blandt anna husar ny konferansesal, er no ferdigstilt.




1. byggesteg av bustadprosjektet Ulvahaugen Terrasse er no i sluttfasen.
Dei fyrste bustadkjøparane har flytta inn, sjølv om det fortsatt pågår arbeid i ein del av bustadane i komplekset, og på uteanlegget.




Anbod på omtekking av taket på den eldste bygningen ved Hafstad skule i Førde vart sendt ut 18.desember, og tilboda frå entreprenørane vil koma inn i siste halvdel av januar 2008.




Statens vegvesen har planlagt ny kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal. Prosjektet er no ute på ny anbodsrekning etter at ein forkasta tidlegare inhenta tilbod. Årsaka var da for liten interesse frå entreprenørsida, og for høg pris. PB er engasjert som rådgjevande ingeniør i byggeteknikk i prosjektet.




Drevdal Bygg AS er godt igang med eit tilbygg til vassverket på Vangestad i Kaupanger. PB har utført den byggeteknisk prosjekteringa.




Kleiven Sogn AS startar i desse dagar opp med å traua ut byggegropa. Så da er også dette prosjektet i gang, og me kan sjå fram mot ei krevjande byggetid.




To anbydarar leverte tilbod. Kontrollrekning og instilling av entreprenør er like om hjørna.




Fretland Bygg AS trekte det lengste strået og fekk den bygningsmessige kontrakten på prosjektet "Verna bustad". Arbeidet er venta å starta opp i slutten av februar.




Prosjektet med tilbygging/ombygging av samfunnshuset i Øvre Årdal, i regi av selskapet Reima AS, vart sendt ut på anbod fredag 9. februar.




15.02.2008

Betongarbeidet er no godt igang. Utførande entreprenør er Steinar Eikevik. Grunnarbeidet var for det meste unnagjort hausten 2007, slik at arbeidet med betongkonstruksjonane kunne starta umiddelbart etter at byggeløyve var gjeve.




Anboda er komne inn og er under handsaming hjå byggherren.

Avklaring på kven som får oppdraget er venta i løpet av kort tid.


Powered by CuteNews

Fjørevegen 5b
PB 272 - 6852 Sogndal
Tlf: 57 67 33 05
Telefax: 57 67 16 88
Mobil: 901 00 850
e-post: per@pb.no www.pb.no