FRAMSIDA      NYHENDE      OM OSS      REFERANSAR      PROSJEKT UNDER ARBEID      LINKAR


Taktekkinga på den eldste bygningen ved Hafstad vidaregåande skule skal tekkast om. Dagens skifertekking har sett sine beste dager, og er moden for utskifting. Byggherren, Sogn og fjordane fylkeskommune, har enno ikkje teke stilling til tekkemateriale. Dette har mellom anna samanheng med det høge prisnivået i byggebransjen for tida. Difor vert det innhenta tilbod på fleire ulike alternativ. Anbodsutsending skjer før jul, og tilboda frå entreprenørane kjem inn i siste halvdel av januar 2008. Kontoret har ansvar for prosjektering og byggekontroll.




Daco Mekaniske AS. Tilbygg til verkstadbygg på Kaupanger industriområde. Prosjektering.
Daco Mekaniske planlegg eit nytt lager-/garasjebygg i tilkyting til verkstadbygget sitt på Kaupanger. Prosjektet vart byggemeldt i slutten av november, og oppstart byggearbeid vil skje så snart løyve er gjeve.
Kontoret har ansvar for all planlegging knytt til tiltaket.




Reima AS. Nytt forretningsbygg i Øvre Årdal. Prosjektering.
Reima AS, i samarbeid med Årdal kommune, har under planlegging eit forretningstilbygg til samfunnshuset i Øvre Årdal. Prosjektet omfattar også ei betydeleg ombygging av samfunnshuset. Anbodsutsending er planlagt medio januar 2008. Kontoret har ansvar for byggeteknisk rådgjeving og prosjektering.




Årdal kommune. Verna bustad i Øvre Årdal. Prosjektering.
Årdal kommune har under planlegging eit bustadprosjekt med fem bustadeiningar heilt nede ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal. Prosjektet vart sendt ut på anbod i slutten av november 2007, og har planlagt byggestart i tida februar /mars 2008. Kontoret har ansvar for byggeteknisk rådgjeving og prosjektering av bygning og tilkomstveg.




Avinor AS. Sikkerheitsområde og nytt lysanlegg på Sogndal Lufthamn Haukåsen. Byggeleiing.
Kontoret har vore engasjert av Avinor til ulike prosjekteringsoppgåver og byggeleiaroppdrag i ei årrekke. Siste store oppdrag har vore byggeleiing i samband med den omfattande opprustinga av lufthamna. Prosjektet er anleggsmessig heilt i sluttfasen, men ein del administrativt arbeid gjenstår.








Kvikne Hotell, Balestrand. Nytt tilbygg for konferansesal. Prosjektering.
Prosjektet er no i sluttfasen, men ein del utomhusarbeid er utsett til komande vår. Kontoret har hatt ansvar for byggeteknisk rådgjeving og prosjektering. Tilbygget er utført med hovudberesystem av plassbygd betong, både i vegger og yttertak. Dimensjonane på bygningskroppen er store, noko som i sin tur har medført relativt grove betongdimensjonar.
Tilbygget er bygd rett inntil og under høgblokka ved hotellet. Dette medførte store utfordringar med omsyn til stabilitet og tryggleik ved uttak av byggegropa. Problemet vart løyst ved at fjellet mot høgblokka vart skoren vertikalt langs heile fronten av høgblokka, og skjereflata framstår i dag som ferdig vegg inne i tilbygget. Løysinga som vart valt er nok utradisjonell i vårt distrikt, men viste seg i dette tilfellet å vera både økonomisk og estetisk vellukka.






Ulvahaugen Terrasse. Bustadprosjekt i Sogndal. Prosjektering.
Fyrste byggesteg på bustadblokkprosjektet er no i sluttfasen. Kontoret har hatt ansvar for byggeteknisk rådgjeving og prosjektering. Prosjektet omfattar ein stor parkeringskjellar og to bustadblokker med samla areal i overkant av 5000 m2 BTA, samt ny tilkomstveg til det nyetablerte bustadområdet.







Powered by CuteNews

Fjørevegen 5b
PB 272 - 6852 Sogndal
Tlf: 57 67 33 05
Telefax: 57 67 16 88
Mobil: 901 00 850
e-post: per@pb.no www.pb.no